[traditional]

Bind deg ein blomekrans Songtext / Lyric


[traditional] - Bind deg ein blomekrans Songtext


I denne verdi så mykje vantar og suti møter på alle kantar, og suti gjenger støtt jamsid's med,
som skigard fylgjer ein ålmann-veg.

Og liksom lauvet om hausten bleiknar,
det store modet med tidi veiknar;
som lauvet bleiknar og fell til jord,
så folnar fysne og store ord.

Mi ungdoms-glede hev reint bortsvive,
eg veit 'kje kvar ho hev etter blive!
Mi ungdomsglede hev fare fort
som skodd for vind og som dogg for sol.

Og ungdoms-gleda er liksom draumen,
ho fylgjer med oss som stokk i straumen;
når flaumen stanar, er skyssen end
−så kan og gleda til sorg bli vend.

Og allting gløymest no bort med tidi,
men aldri gløymest det eg hev lide;
for alt i verdi kan gjevast råd,
men ungdoms kjærleike aukar på.

Dieser Songtext wurde von www.Deine-Songtexte.com heruntergeladen :)

"Bind deg ein blomekrans" Video ansehen

Was denkst du über "Bind deg ein blomekrans"?