[traditional] - Eg synger julekvad Songtext
Eg synger julekvad,
eg er så glad, så glad!
Eg ser min Jesus kvila
som barn i ringe kår,
på moderfanget smila
som soli varm og klår.
Han er Frelsar min,
han er Frelsar min! Kom, vesle barn, til meg,
eg lengtar etter deg!
Kom, du som sorg kan linna,
stig inn om her er smått,
lat meg deg sjå og finna,
då fær eg det så godt!
Drag meg etter deg,
drag meg etter deg! Kor er Guds kjærleik stor,
Guds Son er no vår bror!
For me i synd var selde
og låg i trælestand,
han knuste dødens velde
og opna livsens land.
Eia, var me der,
eia, var me der!
Kvar er vel gleda slik
som høgt i himmerik,
der englesongen tonar
til harper utan tal
frå alle millionar
i himlens kongesal!
Eia, var me der,
eia, var me der!
Falsches Video?
Dieses Video ist aktuell für den Songtext hinterlegt:
https://www.youtube.com/watch?v=8T8Y3RTKM0Q
Falsch? Dann Trage hier den Link für das richtige Video von YouTube ein.

Was denkst du über "Eg synger julekvad"?